NKS-90år 18.10.2004

av Rolv Petter Amdam

NKS – en bedrift i norsk skole 

La meg først få lov å gratulere NKS med jubileet. NKS har alltid vore flink til å jubilere. Ernst G. Mortensen sa ein gong at «har vi ikke et jubileum, så lager vi et jubileum». Dette sa han etter å ha erkjent at jubileer skapte publisitet, og publisitet førte til fleire nye brevskoleelevar.

For meg er jubileet ei anledning til å reflektere tilbake på NKS’ historie, ei historie som eg saman med kollega Ove Bjarnar hadde høve til å gå djupare inn på då vi skreiv NKS’ historie til 75 års jubileet i 1989. 

La meg derfor som ein første refleksjon få starte dette innlegget med ei personleg bekjenning. Arbeidet med å skrive NKS si historie var for meg eit av dei mest spennende og lærerike prosjekta eg nokon gong har vore med på. Og med lærerikt meiner eg her det å lære noko verkeleg nytt – det å oppleve at tidlegare forestillingar har blitt snudd opp ned under prosessen.

Det var lærerikt på to område. 

For det første følte eg meg etter kvart nærmast som ein litt flau særling, som måtte erkjenne at eg tilsynelatande var ein av få i Norge som aldri hadde tatt eit brevkurs ved NKS, eller som aldri hadde retta oppgåver for NKS. Eg blei med andre ord nærare kjent med underskogen i det norske utdanningssystemet, ein underskog som fleire millionar nordmenn har søkt til for å skaffe seg mellom anna den nødvendige realkompetanse som skulle til for å komme seg vidare i livet. 

»NKS er ikke en skole for pappagutter og lathanser», sa Ernst G. Mortensen ein gong. «Det er et tilbud for dem som fortjener å komme seg opp og frem i livet». Og mange har korne seg opp og fram ved hjelp av NKS gjennom 90 år. 

For det andre var arbeidet med NKS’ historie eit møte med den ukjende – og til dels utskjelte – private sektoren i det norske utdanningssystemet. Eg var mellom dei ignorante som hadde følgt den tradisjonelle offentlege vegen frå barneskolen til universitetet, og som aldri hadde tatt meg bryet om å undersøke kva rolle dei private skolane spelar, som hadde forestillinga at privat utdanning var noko for dei religiøse, for dei som ville tene raske pengar, eller for vestkantfruer som ville lære om vinsmaking.

Slik sett hadde arbeidet med NKS’ historie ein oppdragande effekt på meg.

I dette innlegget vil eg reflektere litt rundt <lesse to temane. Nemleg NKS som ein av landets viktigaste leverandør av realkompetanse for enkeltmennesket, og NKS som ein betydeleg privat aktør som har utvikla seg innanfor eit til tider noko problematisk samspel med det offentlege utdanningssystemet.

Betydninga for enkeltmennesket kan illustrerast ved mannen frå Lauvstad på Sunnmøre som i 1932 sende brev til NKS og spurde: «Hvad slags specialmaskiner behøves til en tidsmessig børstefabrikk?», og «Hvor skal man henvende sig for å få tak i børstenes eller kasternes råmaterial?». Og mannen fekk svar, og han lot seg inspirere til å sette i gang produksjon av børster i <lei vanskelege mellomkrigsåra.. 

NKS viste frå starten eit usedvanleg talent med omsyn til å gripe signala i samtida og tilby utdanning som mange etterspurde, og som få tilbaud. NKS starta som ein handelsskole basert på korrespondansemetoden. Då Ernst G. Mortensen  opna postkassa si den 4. oktober 1914 og henta den første innmeldinga til skolen frå Hanna Nilsen på Kongsberg , var det ei innmelding til <lei to første kursa skolen tilbaud, nemleg kurs i dobbelt bokhalderi og i handelskorrespondanse. Det var kurs som skulle kvalifisere til åta handelsbrev. 

Oppstarten kom på ei tid då den norske handelsskole – for øvrig eit skoleslag som i all hovudsak var forankra i den private sektoren – så vidt hadde kjent susen av ei stor oppgangstid som varte fram mot 1920. Handelsskolen blømde; det gjorde også NKS. I 1919 kunne NKS vise til heile 9000 elevar, og den kunne då –  med rette –  kalle seg den største skolen i landet.

Den raske vekstperioden under høgkonjunkturen ga for NKS eit grunnlag for å utvikle eit breitt kurstilbod, mellom anna innanfor realskolefag og gymnasfag, dvs. allmennfaglege kurstilbod som var mindre konjunkturutsette enn handelsfaga. For høgkonjunkturen tok slutt. Norge blei ramma av kriser. Men igjen  viste NKS evner til å gripe dagen, ikkje berre gjennom allmennfaga, men ikkje minst gjennom å utvikle nye kurs retta mot den delen av næringslivet som trass alt gjekk godt.

Kurssamarbeidet med Norges Håndverkerforbund frå 1930-åra blei i den samanhengen eit viktig gjennombrot. 

Ei av vekstnæringane i kriseåra var den nye møbelindustrien, og det var fleire enn mannen frå Lauvstad  som drog nytte av NKS sine tilbod. I 1927 starta Bernhard Tynes ein møbelfabrikk i Sykkylven, 20 år gammal. Han var sjølvlærd. Allereie 13 år gammal hadde begynt å lage treknappar. Som 16 åring laga han skistavar for sal. I 1930 utvida han og bygde ny fabrikk. Han var kort sagt ein av dei som starta det nye industrieventyret på Sunnmøre. Mens sjølv denne grtindaren trengde meir kompetanse.  Det offentlege hadde dårlege tilbod for den som ville vidare i møbelfaget. lkkje kunne han reise frå bedrifta si heller. I 1934 tok derfor Tynes NKS­ kurs i fagteikning, frihandteikning og kalkulasjon. Dette var tilstrekkelig grunnlag for at han sjølv kunne starte å teikne modellane til det som i mange tiår skulle bli ei blømande industriverksemd. 

Slike historier er det mange av. Under den andre verdskrigen stifta igjen nye lag av folket kjennskap til NKS. Frå å ha noko over 9000 elevar i 1939, auka dette talet til formidable 50000 det siste året av krigen. Mange unge søkte no til NKS for å få allmennutdanning ettersom skolar blei stengde under krigen. I 1941 oppretta derfor NKS ei heilt ny avdeling, NKS Realskole og Gymnas. Samstundes fornya NKS seg. Skolen blei klar over den omstilliga som skjedde i industrien i ly av krigen. Industriell rasjonalisering og effektiv kontororganisasjon kom på dagsordenen, og ved å tilby nye kurs i kontororganisasjon, maskinskriving, arbeidsledelse, og produksjonsplanlegging og arbeidsstudier stod NKS atter fram som ein leverandør av kurs som var i forkant av den økonomiske utviklinga i – og omstillinga av – landet.

Den store veksten i oppstartsåra og den neste i krigsåra var i høg grad tufta på spesielle betingelser skapt under den første og andre verdskrigen. Den neste vekstperioden frå midten av 1950-åra hadde andre årsaker. Den fall saman med ei utdanningsoptimistisk bølgje som skylte inn over den industrialiserte verda. 

‘Heile folket under utdanning’, lydde det frå politikarane. ‘Utdanning er produktivt’, lydde det frå økonomane. 

Det gjaldt å få flest muleg til å ta utdanning. Dette ville skape vekst i økonomien, nærmast uansett kva utdanning folket tok. 

Men no blei ikkje NKS ein leverandør av perifere tilbod for lykkesøkarar, rusa av utdanningsoptimismens festtalar. Igjen stod NKS fram som eit attraktivt tilbod formange enkeltmenneske. Norske soldatar som ønskte å stå betre rusta til arbeidslivet etter dei dimmeterte søkte no til NKS. Frå 1955 fekk soldatar gratis brevunderundervisning i Forsvaret, og rundt 90 prosent av dei tok eit eller fleire brevkurs dei neste åra. Dette gjorde m.a. NKS til «landet største sveiskoie», i følgje undervisningsinspektør Kvammen i Marinen. Ei anna gruppe var sjøfolka, som frå 1954 fekk støtte frå Velferdskontora til å ta brevkurs, mellom anna i «Engelsk for sjøfolk».
Ei tredje gruppe var husmødrene, som no samla seg kveld etter kveld over heile landet i studieringar og las Kristin Lavrandsdatter, instruert av kursforfattar Ebba Haslund. Dei konkurrerte jamvel om å ha det beste svaret. Dette gjorde dei over eit intens døgn i 1964. 68 brevringar sende inn. «Vi holdt på til halv ett og drakk nesten seks liter kaffe», sa Gudrun Skeie, som representerte vinnarane frå Stavanger.

Med brevringane knytte NKS sterkare band til folkeopplysingsrørsla. Dette skulle bli viktig ettersom allmennutdanninga kom til å bli integrert som ein del av folkeopplysningsrørsla på 1960-talet. Dette hang ikkje minst saman med at eit demokratiseringsideal kom til å sette sitt stadig sterkare preg på utdanningsoptimismen. Folkeopplysning blei til vaksenopplæring. «Det er en demokratisk rett at voksne som ikke fikk den utdanning de hadde anlegg for, skal kunne ta denne senere i livet», sa Bjartmar Gjerde, ein av dei som kom til å målbere tanken om eit vaksenopplæringssystem der staten bidrog økonomisk og korrespondanseskolar som NKS var viktige kunnskapsleverandørar.

Trass soldatar, sjøfolk og husmødrer — Det var allmennfaga som utgjorde kjernen i den store ekspansjonen. NKS si nisje blei no menneske av som forskjellige grunnar ikkje gjekk den tradisjonelle utdanningsvegen, men som likevel ønska å skaffe seg betre allmennutdanning. 

Dette kom no til uttrykk i den geografiske fordelinga av NKS sine elvar. I høve til folketalet kom no flest elevar frå Finnmark og Troms, grunna dårleg utbygd utdanningssystem, eller frå Oslo, dit mange søkte som utrykk for eit ønske om sosial mobilitet. NKS representerte dermed «den mest demokratiske undervisnigsformen i landet» som det heiter i ei brosjyre får 1963, samtidig som skolen framleis var eit tilbod til den som ville opp og fram i livet.

Under utdanningsoptimismens glansdagar i første halvdel av 70-talet, då alle skulle ta gymnas og distriktshøgskolar blei oppretta for å få fleire inn i høgare utdanning, opplevde NKS igjen ei bløming, ikkje minst gjennom å stase på  kombinertundervisning over heile landet for gymnaset eller handelsskolen, dvs klassar som dels fekk ordinær undervisning og dels tok brevkurs. Den statlege støtteordninga var no blitt gunstig. «Ta brevkurs. Staten betaler!», annonserte ein brevskole. 

Som ein skjønar var NKS no komen inn i eit tett samarbeid med det offentlege. Dette har vore eit samarbeid som har vore alt anna enn uproblematisk.

Frå stiftinga og fram til den andre verdskrigen var forholdet mellom NKS og staten uproblematisk. Det var kort sagt ikkje noko forhold, og ingen såg ut til åbry seg med det. Mykje av den tradisjonelle yrkesutdanninga foregjekk i privat regi. 

Handelsskolane var også stort sett private. Kvifor skulle staten då bry seg med NKS? For NKS var det heller ikkje ei oppgåve å bli verdsett av staten. Verdsettinga kom frå folket som tok brevkurs, og frå næringsorganisasjonane som søkte samarbeid.

Noko anna blei det etter krigen, då staten med Arbeidarpartiet i regjeringa, sette seg føre å modemisere utdanningssystemet. Ikkje berre skulle utdanninga styrkast. Den skulle også i sterkare grad inn under statleg kontroll. Den sterke veksten under krigen til brevskolane og då spesielt NKS som den største, hadde mange lagt merke til.

Blant dei som hadde lagt merke til det, var Hjalmar Helgesen i Arbeiderpartiet som sommaren 1945 publiserte heftet «Skolen for alle». Der heiter det at yrkesutdanninga var i ei sørgjeleg forfatning. Stilt overfor store gjenreisingsoppgåver og nye behov for utdanning innan næringslivet var det naudsynt med store endringar. Helgesen hadde i den samanheng stor tru på brevundervisninga. «Brevskolen er den store nyskapningen i skolestellet i moderne tid». Dessutan var det «den billigste skoleformen i landet når man tar elevtallet og utgiftene pr. elev i betrakning», hevda han. Derfor måtte brevundervisinga integrerast i det ordinære skolesystemet.

Men det var eitt problem. Brevskolane var private. Dei var skapte av «outsidere, av smarte journalister og forretningsfolk». Han forslo derfor at det skulle opprettast ein statleg brevskole, eit krav som blei støtta av partiet sitt landsmøte i 1946. Kravet blei også støtta av fleirtalet i den breitt samansette Samordningsnemnda for skoleverket. 

NKS var pressa, særleg ettersom eit av alternativa som nemnda utgreidde, gjekk ut på at den statlege brevskolen skulle overta all brevundervising i Noreg gjennom ekspropriasjon av dei private skolane. 

Men slik gjekk det ikkje. I staden blei forholdet mellom staten og brevskolane regulert gjennom ei lov om brevskolar av 12. november 1948. To spørsmål reiser seg då.

Først: Kvifor blei ikkje NKS statleg, og dernest: Kva innebar den nye brevskolelova? 

Motstand frå NKS og andre brevskolar mot ein statleg brevskole var sterk, men ikkje tilstrekkeleg som forklaring på kvifor brevundervisinga ikkje blei definert som ei offentleg oppgåve. Ein annan viktig grunn var at delar av arbeidarrørsla mobilserte rundt den nye Folkets Brevskole, som bygde på samvirketank.en gjennom band til fagrørsla og andre folkelege organisasjonar. Ein statleg brevskole ville også truge den skolen. Dessutan vaks det etter kvart som den første fredsrusen hadde lagt seg fram ein pragmatisk tanke om at forholdet mellom private og offentlege aktørar kunne organiserast på mange ulike måtar innanfor ein større sosialdemokratisk orden. Det var denne tanken som kom til uttrykk i den nye Brevskolelova.

Med Brevskolelova blei NKS trekte inn i det ein kan kalle eit nytt utdanningens blandingssystem. Samordningsnemnda var primært opptatt av kontroll av brevundervisninga, ettersom den hadde ekspandert så mykje. Og NKS frykta ikkje kontroll. Tvert imot kunne det føre til at userøse aktørar måtte gi seg. Kontroll og godkjenning kunne gi ytterlegare anerkjenning og dermed skape grunnlag for ny vekst. Med brevskolelova sikra styresmaktene seg kontroll over brevundervisninga ved at kurs skulle godkjennast før <lei blei sette i gang. Brevskolane på si side fekk halde fram med arbeidet som før.

Med brevskolelova blei dei klare skiljelinene mellom offentleg og privat sektor noko utviska, og det er på sin plass å snakke om at den offentlege sektoren strekte fangarmane sine inn i den private sektoren. NKS og andre private brevskolar levde no  i mindre grad på sida av det offentlege systemet, og dei blei i staden inkorporerte i ein breiare utdanningspolitisk tankegang og planleggingsprosess.

Mens rammene for det nye samspelet blei lagt på slutten av 1940-talet, blei blandningssystemet aktivisert i brei målestokk utover i 1950-åra. Då kom det statlege midlar inn i brevundervisninga, ved at NKS og andre blei sett på som nyttige aktørar i mellom anna sivilopplæringa i Forsvaret,  og på 1960-talet då staten drog NKS inn i den nye vaksenopplæringa. 

Så kan ein sjølvsagt seie at dette samspelet mellom privat skoledrift og det offentlege innanfor utdanningens blandingssystem ikkje alltid har vore like avtsemt, og at tyngdepunktet til tider har variert. I tider har det også vore vanskeleg å finne det rette balansepunktet. Ein kritisk fase i så måte inntraff i  1975, då Stortinget  vedtok ei svært liberal støtteordning for brevundervisinga.

På to år auka elevtalet ved NKS som følgje av dette frå 81000 til 122000. Samspelet mellom privat drift og offentleg engasjement stod i fare for å korne ut av kontroll ved at støtteordninga bleilangt dyrare enn føresett. Brevskolane fekk dessutan problem med å omstille seg under den raske ekspansjonen. Følgjen blei at støtteordningane  blei innskjerpa i 1977.

I eit kort tidsperspektiv syntes det som om blandingssystemet var i ferd med å finne igjen sitt kreative balansepunkt. I eit lengre tidsperspektiv kan ein spørje om at blandingssystemet med dette gjekk i oppløysing. 

Etter tiår med eit stadig tettare samarbeid mellom privat sektor og det offentlege, opplevde nok no mange også avstanden. Og ikkje berre det, men også at staten på mange måtar blei ein meir ein upåliteleg samarbeidspartnar. Kanskje er rammebetingelsane no igjen i ferd med å bli stabile og forutsigbare. Men blandingssystemet innebar ikkje berre offentlege midlar til privat drift. Det innebar også verdsetting og respekt. Blandingssystemet var uttrykk for at det offentlege tok private skolar som NKS på alvor, og forstod den rolla som NKS då spelte innanfor ei utvida forståing for utdanningssystemet.

Innanfor utdanningens blandingssystem spelte staten rolla som leverandør av stbile rammevilkår, bygd på ei forståing av private institusjonar som sentrale kunnskapsleverandørar til enkeltmenneske som søkte eigne vegar i utviklinga av realkompetansen. NKS’ rolle var entreprenøren- nyskaparen – anten det gjaldt møbelkurs eller seinare å liggje i forkant med omsyn til utvikling av nettbasert undervising. NKS’ grunnide var aldri business. Men ein privat institusjon treng elevar og studentar for å eksistere. Det skaper dynamikk og tvingar fram meir nyskaping.

Det er eit paradoks at medan  utdanningspolitikken generelt dei siste åra har vore  prega av ei generell forståing av at dynamikken frå privat utdanningssektor må prege utdanningssystemet, så slit mange av aktørane innan privat sektor med stadig å måtte forklare offentligheita kva cfoi e:ieentleg driv på med. Dei vil bli sett; og dei treng å bli sett.

Det er derfor mitt håp for dette jubileet, at NKS tar på alvor Ernst G. Mortensens gamle parole om «Har vi ikke et jubileum, så lager vi ett», ikkje nødvendigvis for å få meir publisitet, men for å få politikarane og offentligbeita til å lytte til kva som er NKSs oppgåve innanfor utdanningssystemet.

Den beste gåva myndighetene kan gi, er å setje seg ned å lytte, det er å ta det nyliberale skiftet i utdanningspolitikken på alvor, og igjen skape konkret konsensus om kva som er NKS og andre private aktørar sin plass innanfor eit omdefinert utdanningens blandingssystem. 

Atter ein gong, gratulerer med jubileet – og i Ernst G. Mortensens ånd : 90 år er sanneleg eit jubileum å feire.